Viser innlegg med etiketten Give Away. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Give Away. Vis alle innlegg

søndag 21. november 2010

Ny 'gibort'

Eg vil prøve meg på ein liten gibort igjen, sidan besøkstalet nesten er på 3000. Og fordi det var så kjekt sist. Denne gongen blir det ei valfri lue eller ei smekke.

Det du må gjere er:

Eitt lodd - kommenter dette innlegget
To lodd - kommenter innlegget og bli følger
Tre lodd - kommenter innlegget og legg ein link på bloggen din om denne konkurransen.

Her er premiane:     
                                                 

Frist 1.desember.
Lykke til!

fredag 6. august 2010

Give Away

Fordi eg snart har 2000 besøkjande har eg ein liten give away her på bloggen min.

Som vinnar kan du velge mellom denne John Deere-genseren i str 1 år:
(Bukse høyrer også med)


Eller dette snurreskjørtet i str 6 år:





Eller denne prinsessekjolen i fleece i str 80/86.





Eller desse: (Si om du har jente eller gut, så syr eg smekker som passar)


Eller eit etui til telefonen din. Eg har ikkje lagt ut bilete av di at vinnaren sjølv får ynskje seg farge/ar og at eg må ha mål til telefonen.

Reglane er:

For ett lodd:
Skriv ein kommentar under dette innlegget 

For to lodd:
Skriv kommentar og bli følger (Følger blir du ved å gå lenger nedover, på høgresida er det en knapp det står "følg" på)


For tre lodd:
Skriv kommentar, bli følger, link til denne konkurransen i din eigen blogg. Har du ikkje blogg kan du godt lage ein link på facebooksida di.

I kommentaren så skriv du kor mange lodd du har "kjøpt"
Hugs å legge att mailadressa di om du berre skriv kommentar.

Eg trekkjer vinnaren den 15. september 2010.
Lykke til!



Som ein liten ekstragreie vil eg trekkje to vinnarar som får velgje seg kvar sin premie. Den vinnaren eg trekkjer først får velge først.