mandag 25. januar 2010

Sytørke

Hei. Her har det vore ganske stille den siste tida, grunna sytørke. Ein rar tilstand, der ein slett ikkje har ork eller kreativitet til å sette seg framfor symaskina. men nå har det såvidt begynt å løsne.

Planane framover er eit par nye forklekjolar, fleecesett med genser og bukse og fleecekjolar til voksne. (Og ellers det som kjem til undervegs)

Dette blir spennande!
Nå skal eg finne fram maskinene mine igjen, så får vi sjå kva det blir. Først ut er ein bestillingskjole i rosa og grå fleece til ei jenta som blir seks år. Så skal eg sy ein fleecegenser i gave til ein liten gut.

Ha ein fin vinter alle sammen:)

Nokre vinterbilete frå Bråkebøtta.

mandag 14. desember 2009

Kule luer

Desse to skal eg selge, da eg fann ut at Bråkebøtta mi ikkje har mindre enn seks luer...Faktisk sju, etter at mannen i huset krympa lua til eldstejenta her i dag..  Bråkebøtta sit modell:)


Det er såkalle kroneluer, laga av fleece og interlock. 100 kr pr stk. Str 6-12 mnd.

Mine maskiner

Tenkte berre eg skulle føre opp maskinene mine. Har berre to enda, men håpar å få ei broderimaskin om ikkje så veldig lenge..


Fyrst ut, ei alminneleg symaskin. Bernette 92c.
Ei knallgod maskin som stort sett gjer som eg vil, men det er litt leven i ho.


Neste maskin, ein overlock som heiter Babylock Evolve wave. Ei fantastisk maskin, som eg ikkje forstår at eg har greid meg utan.


Konkurranse!

Lille L har ei flott konkurranse der ein kan vinne eit Tilda-kit. Gå inn på sida henner og ta ein titt.

lørdag 12. desember 2009

Elefantlue


Mi første elefantlue. Måtte ta bilete av foret også (uglene)