onsdag 14. juli 2010

YORK- REVISITED

Ja, da var vi vel heime igjen. Etter ein utruleg slitsom tur med ein del hyggelege innslag:) Å ha med ungar på tur er heilt greitt, men ikkje når dei får dobbelsidig lungebtennelse og må leggjast inn på sjukehus. Hanna vart dessverre veldig sjuk på dag 4 av ferien og satte ein stoppar for både besøk til Leeds og Aidensfield. London droppa vi også fordi ho var sjuk. No ser ho ut til å vere litt betre, gudskjelov. Skummelt å få ein slik sjukdom, og spesielt i eit anna land. Eg kan heldigvis språket godt, slik at det aldri var noko problem. Tenkjer med gru på korleis det kunne gått om vi hadde reist til Polen eller Tsjekkia ( Noko vi vurderte)


Vi hadde ein del nedturar i løpet av ferien. Hotellet vi skulle overnatte på såg veldig bra ut på nettsida, Ambrose Lodge. Men gud hjelpe oss alle. Aldri har eg overnatta på ein slik plass.. Der var utruleg møkkete over alt, det fanst ikkje dusj, sjølv om det stor Ensuite bathroom på nettsida, doen spruta vatten og tålte ikkje dopapir. Varmt vatn var ikkje sjølvsagt, maten var grei dei første to dagane, etter det vart det gammalt og dei kjøpte ikkje ny.. Egga var dårlege, melka var sur, rundt den mugne frukta surra flugene. Pøsene (rå pølser) sto framma eit døgn i varmen, så det tok vi ikkje sjansen på..

Romma var som sagt møkkete, det lukta rett og slett drit og det var veldig varmt om natta.

I tillegg til dette så var eigaren meir eller mindre alkoholikar. Han hadde to medhjelparar, ein tannlaus og ein som var dekt av tatoveringar, begge alkoholikarar. Om morgonen fann eg dei som oftast på sofaen på kjøkkenet, eller veltande på kjøkkengolvet.

Rett skal vere rett, dei prøvde nok det beste dei kunne for at vi skulle ha det bra. Det var nok evnen det skorta på, ikkje viljen.

Ei av nettene var eg på sjukehuset ( der var det dusj!) og siste natta var vi på Holiday Express på Stansted, absolutt å anbefale. (No hadde eg nok syntes det var å anbefale å overnatte på ein benk i Hyde Park etter Ambrose Lodge, men hotellet var veldig reint og greit)
Den største nedturen var sjølvsagt at Hanna vart så sjuk. Det begynte vel på laurdag med litt snørr. Søndag vart ho verre og verre utover dagen, og om kvelden så pusta ho veldig fort og anstrengt. Vi budde 200 meter frå York District Hospital, så eg tok ho med dit i 22 tida om kvelden. Der gjekk det imponerande raskt. Venterom- undersøkelse, innleggelse, røntgen av lungene og innsjekk på rom- alt på under 1.5 timar. Men så var det slutt også.. Ho vart sett på penicillin og smertestillande, ingenting anna. Det hjelpe lite når du har ein ettåring som grin konstant i tre tima, ikkje så mykje av smerte, men av di ho var redd fordi ho ikkje fekk puste skikkeleg. Dette tok eg opp med dei fleire gonger utover natta, utan resultat. Enden på dette var at eg var eitrandes sint, lurte på kva dette var for eit u-land og forlangte (enda ein gong) inhalasjonsmedisin og ein lege. Noko så enkelt som vanndamp hadde dei ikkje. Legen kom endeleg klokka 02.30 og fortale meg at inhalasjonsmedisin ikkje ville hjelpe, men eg fekk da vilja mi til slutt. Etter to puff med ventolin så sov ho i nesten fire timar. I journalen står det skrive at eg var "mum is very upset becasue her daughter is in pain, she demands inhalation medication"

Sjukehuset var forferdeleg stort, med over 700 sengeplasser. Ganske nedslitt og upraktisk. Stelleplassen på barneavdelinga sto to meter frå vasken. Over stellebordet sto det at ein aldri skal la ungen ligge igjen på stellebordet. Hmm, skal tru kven som skrudde fast det stellebordet så langt fra vasken..

Maten var som forventa grusom.. Froskosten var grei, havregraut og toast. Lunsjen var pølser, pommes frites, spaghetti i tomatsaus, tomatbønner og rispudding. Middagen var restane etter lunsjen. Ellers kunne ein spørre etter yoghurt, drikke og frukt til ungane.

Dei tilsette var veldig trivelege og legane var dyktige. Barnelegane ved sjukehuset skal vere av dei beste i heile England.


Ellers hadde vi det kjekt også. Vi gjekk mange (og laaange) turar i byen:


Vi var i Museums Gardens:


Vi besøkte den gamle lokalpuben vår, The Magnet:


Huset vi budde i for fem år sidan, 23 Osbaldwick Lane.


Plonkers, ein utruleg triveleg uteplass/restaurant.

Vi var også på Creepy Crawlies. Ein utruleg fin plass for ungar.

Mariell besøkte gamleskulen sin, Lord Dreamores Primary School, der trefte ho dei gamle klassekameratane sine. Her er nokre av dei.

Siste natta på hotellet på Stansted.


Ellers skjedde det ein del andre ting, nokre av dei er eg så flau over at eg ikkje orkar å skrive om dei. I hvertfall ikkje no..












(Kristin: eg har noko til Peter:))

1 kommentar:

  1. Herregud kor uheldige dokke skal vere!! Stakkars Hanna! Ho he jammen måtte gjennomgå! Stakkars lita...

    Bra dokke hadde en fin tur fram til sjukehusinnleggelsen da :)

    SvarSlett