mandag 4. oktober 2010

Ein skulle vere bjørn om vinteren og lærar om sommaren.

Det er ikkje så dumt å vere lærar i oktober heller:)

Nå har eg haustferie- skikkeleg spoilt..

Hanna mi er hjå pappaen sin og eg nyttar høvet! I dag vart det ikkje mindre enn fire kjolar. Det er nesten slik at eg er litt kry altså. For eg har ikkje berre sydd, eg har vaska og rydda litt, laga heimlaga pizza til middag, hatt middagsgjesta og handla. Eg har også lese ei halv bok snart:)

Fire kjolar, tre til barn og ein vaksenkjole, alle i fleece. Bilete kjem i morgon, nå høyrer eg senga brøle til meg:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar