lørdag 28. august 2010

Ny bustad

Da skal vi endeleg flytte. Vi skal riktignok ikkje flytte så langt, berre nokre hundre meter bortover vegen her, men godt skal det jammen bli. Har aldri funne meg heilt til rette i den leilegheita vi har no, ho er veldig upraktisk for ein litt større familie. Og ein litt større familie er vi jo, med ein vaksen og tre barn.

Eg er veldig lei av å flytte. Har flytta utallige gongar sidan eg starta på vidaregåande for 17(!) år sidan. Eg har heilt mista tellinga, men eg lyg nok ikkje om eg seier rundt 20 gongar. Eg kunne verkeleg tenkt meg å kjøpe eit hus, men husprisane er stive, spesielt med ei inntekt. Men, vi får sjå, kanskje dukkar det opp noko egna i næraste framtid.

Ellers har eg starta på jobb at, ein saknar jo å ha fri, men det er godt å vere i gang igjen. Eg har ikkje den heilt store rettebyrda dette året, noko som frigjer mykje kvelds- og helgetid. I tillegg så har eg fri kva tysdag, noko eg fann ut var heil naudsynt. Kor tid elles skal eg få gjort alt husarbeidet? Nå er det jo ikkje sikkert eg får gjort så mykje på desse fridagane mine, eg har i alt seks pappesker med stoff som ropar til meg...

Prosjekta denne hausten er ullkjolar til vaksne, fleire putetrekk, fleecekle til ungar:) I I tillegg har eg veldig lyst til å sy meg ei jakke av ullstoff, det trengst her oppe- i fjor var vi oppe i -39..

Nei, det står fleire tome pappesker og skal fyllast her, vi snakkast.

onsdag 25. august 2010

Pynteputer


Da var dei fire fyrste trekka ferdige. Desse er sydd i kinasilke og brokade.

Har funne ut at det er veldig vanskeleg å få tatt skikkelege bilete av blankt stoff.. Fargana kjem ikkje skikkeleg fram.

Her er det to til i bomullsstoff fra Moda. Skikkeleg retro:) Desse har også lin på baksida og konvoluttåpning.

169 kr.

fredag 6. august 2010

Give Away

Fordi eg snart har 2000 besøkjande har eg ein liten give away her på bloggen min.

Som vinnar kan du velge mellom denne John Deere-genseren i str 1 år:
(Bukse høyrer også med)


Eller dette snurreskjørtet i str 6 år:





Eller denne prinsessekjolen i fleece i str 80/86.





Eller desse: (Si om du har jente eller gut, så syr eg smekker som passar)


Eller eit etui til telefonen din. Eg har ikkje lagt ut bilete av di at vinnaren sjølv får ynskje seg farge/ar og at eg må ha mål til telefonen.

Reglane er:

For ett lodd:
Skriv ein kommentar under dette innlegget 

For to lodd:
Skriv kommentar og bli følger (Følger blir du ved å gå lenger nedover, på høgresida er det en knapp det står "følg" på)


For tre lodd:
Skriv kommentar, bli følger, link til denne konkurransen i din eigen blogg. Har du ikkje blogg kan du godt lage ein link på facebooksida di.

I kommentaren så skriv du kor mange lodd du har "kjøpt"
Hugs å legge att mailadressa di om du berre skriv kommentar.

Eg trekkjer vinnaren den 15. september 2010.
Lykke til!



Som ein liten ekstragreie vil eg trekkje to vinnarar som får velgje seg kvar sin premie. Den vinnaren eg trekkjer først får velge først.