Segn og anna frå Lom og Skjåk.

SOTA
Av Olav Aukrust 


Det er ei sæter som heiter Sota,
og einsleg ligg ho i svarte audni.
Eg kom der veg-vill ein gong ved midnatt,
og myrke segner imot meg susa, ­
sev for vind uti straum rakte,
kragg og trollskog kraup og krakte ­
kryp og krek der til domedag.

*

Det var ei hildrande ungmøy-hulder
som sat budeigje på denne stulen.
Ho heldt med tvo, og det vart til våe, ­
ho fekk då nøgdi, til sist, av båe,
og dei fekk metta seg båe tvo.

Det hende noko der, langt attende.
Det small eit skot der ein gong ved midnatt.
I ormut otte låg ein og glødde,
han låg og lura, han låg og lødde ­
hin stupte då skotet small.

-----

Han kom til Sota ved midnatts-leite
og kravde løni for velgjort arbeid.
Han stengde døri, ho sløkte ljoset
- det rauta tungt gjenom fenafjoset ­
tvo hjarto dunde i natti nifs.

Han som skaut, var han Kristen Fange,
men han som stupte, fekk ingen spurt meir.
Han jaga fram gjenom natti, fullvåk,
han lengta mot hennar heite famntak ­
i tjønni søkktest han ende ned.  

Han fanst att sidan, i folkehugen ­
der flyt han upp or den svarte tjønni -­
og fer til kyrkje med fagert fylgje, ­
frå høgste Lomsegg lát Fangjen hylje
sin munnharp'-slått over ferdi ned.

Då dryp det blod or den svarte kista,
og som ei saud-soks er harpa stor, og
det syg og syg som på djupe vatn ­
høyr, ned frå Lomseggi fossar slåtten
som nemnest Fangen den dag i dag.

Nifs er slåtten hans Kristen Fange,
og svart er segn i som sjølve Sota;
som høgste Lomseggi ris ho bratt
imot himmelkvelv, og som tjønn ved natt
går ho ende ned i sitt helvit-djup.  
*

Kva dei tvau tala den siste natti
hev ingen høyrt um og ingen spurt um.
Kva løn, kva fagnad -kva lagnad fekk han?
- Og munnharp'-spelar og tulling gjekk han
og ho sat aldri på Sota meir.
*

Eg kom dit myrkrædd ein gong ved midnatt,
og segni gufsa frå gamle tuftom,
og det var nattgangar-vilt ved Sota,
og det var attgangar-stilt ved Sota,
og skoddi rå uppi høom rakte, ­
kragg og trollskog kraup og krakte ­
kryp og krek der til domedag.


 Frå Himmelvarden, 1916.






Hulderbøling på Sota


Det var ein mann som heitte Kristen Rusten, han tente på Nordigard Sperstad. Så var det ein haust han reiste nordpå Sota og køyrde møkk etter budeiene var heimatreiste. Han hadde med seg två øyker. Den eine var blakk på let og heitte Gamel-Blakken, og den andre var brun.

Da han kom til Liavatnet, høyrde han kubjølla til Sperstad på solsida av vatnet. Det var skog der, så han såg ikkje noko, men han trudde det var Sperstad-kyrne som hadde rymt nordover att. Og da han kom nordum vatnet, såg han det var Sperstad-bølingen.

Da han kom nordpå Sota, hadde han øykene inn i kufjøset og batt dei, og sidan reiste han inn og gjorde upp varmen. Så var han ute og såg etter bølingen, men han kunne ikkje sjå noko. Men så høyrde han det vart slik bråk nordi fjøset, så han gjekk dit. Han fekk sjå at Blakken var laus, og han tok og batt han att, og så gjekk han inn og åt.

Etterpå gjekk han ut igjen, og da høyrde han bråket nordi fjøset att. Han reiste nordi og fekk sjå at Blakken var laus att, og han batt han enda betre. Blakken løyste seg gong på gong, og ein gong fekk Kristen ikkje fyrr snudd seg fyrr Blakken var laus att, og han var så sveitt at det rann av han.Så tok han og batt han så godt han kunde, men medan han gjorde det, var det liksom at øyken vart slegen med ei fjøl. Kristen hadde med seg børse, og da ikkje øyken fekk stå roleg, vart han harm, og han tok og skaut burti ei ro der han tyktest sjå noko. Sidan fekk Blakken stå roleg, og Kristen trudde det var huldri som var ute med bølingen sin, og at ho vart harm sidan han kom og tok frå henne fjøset.



 Bilete er henta frå: http://home.hib.no/mediesenter/mytobib/moderne/overtro_14a.html

Tekst: Historier.no






Aksión på Tande
Av Olav Aukrust 

Det stod ein vill aksión på Tande
som støkken står tå den dag i dag.
Og dit kom utvalt og alle hande,
ja folk og fylgje tå alle slag.
Det vart eit namngjete, djevla ståk der,
va' svartøygd tater frå nørdst i Skjåk der, -
    og Randa-Knut'n
    og Sanda-guten
og 'n Nils Johansen innfann seg der,
og Nygjordsvetlen og 'n Petter-Per.

Frå Tande ber det på blåe gjelet,
so all sin dag va' det bratt til gards.
Men huff, gud-fri-de', gut, dette belet,
med klårt og kaldt attpå tøyr'n i mars!
No kun' ein veg ikkje verre vera:
ein skulde tru, det var nok å gjera
    um snøgg og sne'ug
    og laus og le'ug
ein stal seg upp der på kuv og kne -
men tenk deg gå der med fôr og ve'!

Ved Staberg let det i myrkret: «Ska' du
åt aksióne på Tande, du?»
«Å jaggu ja, lel, - det klaffa bra, du -
og brennvin plaga du 'kje vande, du?»
Og drikkast laut det, og brennvin ha' døm,
og midnatts leite ve' Tande va' døm:
    i glasom skein det,
    på låvom rein det,
og huff gut, inne va' heto hard,
og sume hua på fri gard.

Ho Beret Burtafor, råe såta,
du kann då vita deg, ho va' der, -
ho Dansar-Eli med, - «den gratåta»,
og mange fleir enn som nemnest her.
Og det va' dragsmål og drikk og drit der,
og flust med brennvin og nøgdi sprit der,
     og fela hulla,
     og blodet pulla,
og full stod ute, med, ein og skein,
og det va' månen som stod og flein!

Og slusken dansa so sveiten hylja,
og fyrkjun' hivde vart høgt i tak.
Og Store'n bråka, og Bruen bylja
og braut 'n Brenn-Amon att-å-bak.
Og fem ha' fullkome nok med Brua,
og Musken rein, og 'n Raud-Hans hua,
    og det vart riving
    og hogg og hiving,
og Muskeguten seig ende ned,
og Nygjordsvetlen sa «Hvil i fred».

Og sume kne-gjekk og sume kniva,
og sume dundra og spela kort;
'n kløvvde skiva, 'n Klebber-Iva,
fordi 'n Nils ikkje la' på fort.
Ja det va' kortspel og fan og fusk der
og fyrkjefillur og slams og slusk der
    og slag i bordet
    og mange store
i «beit» og «hoggar» den heile natt,
so skuggan' rædde på veggjom skvatt.

Det leid til vårs, det va' hålkeføre
og svell og måne og uppe glas.
Og stinn va' stugu, og folket øre,
og Store'n styrlaus att fekk eit ras - -
og hivde ut gjenom glaset dragspelet. -
«Jaggu segla det kav på elvgjelet!»
    kneggja Steinbakkjen,
    ør og bråvaken, -
tru 'kje leiken va' slutt med di:
«'N Per og fela!» skreik mange i.

Og seint um sidan so fekk dei vaken
'n Per som flaut i eit veldigt rus.
Då hogg han i med 'om «Kristen Naken» -
og springleik var det og huskehus,
til morgonmånen stod reint forsuppa,
og slide slusken i skam seg duppa, -
    og upp det flotnar
    frå stygge botnar,
og avskumsord som ein brotsjø bryt:
«Nå vil oss drikke, te sjæle flyt!»

Og alt som skam heiter, do og dåna,
og Busta'-bytingen sa sin dom -
at dansast skul' det, til mergen bråna
og skjurta stod att på golve' tom,
og blo' og brennvin og kokte andlÍt
og dans og huing vart rus og vanvÍt,
    og glas vart knasa,
    og dyret rasa
og ståka ytre og verr' og verr',
og fleir' og fleire drakk spriten berr.

Den fjorde morgon eit syn dei såg som
vart bygdabore bå' upp og ned.
Forkomne bókkan' i bakkom låg som
um vår'n iland-flóten rekarved.
Sjå ville ofsen i styrlaus blodvår
ha' gjort si gjerning og fekk sitt uår ­
    då ruset rakna
    og modet spakna, - -
men herja tomt i den heksedans,
der høgt til himmels i strålekrans, -
der vind gjekk fritt gjenom kvar ei rute
og vår og vigge stod inn frå ute,
låg Tande veldigt i morgonglans - - -

  Frå Hamar i Hellom, 1926.



1 kommentar: