lørdag 19. november 2011

Fløtekaramellar

Gode, gamaldagse fløtekaramellar!

1ss smør
2dl sukker
2dl lys sirup
3dl fløte
Litt vaniljeekstrakt eller vaniljesukker
Ca 2 ss hakka hasselnøtter

Smelt smøret, bland inn resten av ingrediensane. La det koke (skikkeleg koking) leeeenge, ca 1 - 1.5 timer. Du kan sjekke om massa er ferdig ved å ta ei t-skei oppi kaldt vatn. Blir det seigt så er det ferdig.

Eg brukar å kjøpe slike former som du set stearinlys i. Ellers kan du tøme det utover på eit bakepapir og skjære det i bitar når det er kaldt. Oppbevar dei i kjøleskap, med matpapir mellom, ellers vil dei klistre seg til kvarandre.

GOD førJULstid!

fredag 30. september 2011

I'm back

Her har det vore frykteleg stille dei siste månadane. Årsakane er mange, men nå håpar eg å vere attende. Det blir ikkje lagt ut bilete av nye prosjekt med det same. Eg har nett flytta, og har ikkje fått pakka opp verken maskiner eller stoff. Innan nokre veker tenkjer eg at eg er på rett spor igjen.

I det siste har eg begynt som student igjen, berre på deltid og samlingsbasert, men dog. Utruleg kjekt er det ihvertfall! Utdanningsleiing heiter det, og er mastergradsemne ved Høgskulen i Volda.

Akkurat no sit eg i Volda, i ein sofa og ventar på at Luksusfellen skal starte. Ein kjenner seg som økonomisk geni når ein ser dette programmet, sjølv om dei rundt meg nok ikkje er heilt einige. Det er også grunnen til at eg ser på desse ekstreme samlarar programma, da kan eg sjå rund meg, og tenkje at eg slett ikkje er så verst med tanke på husarbeid likevel.

God helg og god ferie!

lørdag 19. februar 2011

tirsdag 15. februar 2011

mandag 24. januar 2011

Måndagsmiddag - Langpannekake

I dag vart det pannekake i langpanne.  Det er utruleg kjekt å steike fleskepannekaker til heile familien utan å måtte stå lenge ved komfyren.

Oppskrifta:

5 egg
7dl mjølk (lett går fint)
4 dl kveitemjøl
1/2 ts salt
1 ss margarin
1 ts bakepulver

Pisk egga og mjølka, visp inn mjøl, smør, bakepulver og salt.
Smør langpanna godt, hell oppi røra og strø over steikt bacon eller flesk.
Steik midt i ovnen på 225 grader i 30 min.

Dette vil eg tru er nok til to vaksne og to barn.

søndag 23. januar 2011

Fantastiske sundag!

5 plussgrader! Eg blir nesten våryr, kleda tørkar ute på stativ og snøen dryp vekk, heilt herleg, spør du meg:) Snart, snart er det vår og sommar og lange, late dagar på verandaen!
Eg fekk så lyst på ein skikkeleg god frukost i dag, nybaka, varme horn med ost og skinke.

16 fine horn.

75g margarin
2dl vatn
4dl lettmelk
1 ts salt
50 g gjær
13-14 dl kveitemjøl

1. Smelt margarinen og varm vatn, mjølk og margarin til 37 grader.
2. Tilsett salt
3. Rør ut gjæren
4.Ha i kveitemjøl, litt om gongen til deigen er passe.
5.Hevast i 25 min.
6. Del deigen i to, kjevle ut to rundingar, ca 40 cm i diameter. Del leiven som ein pizza, åtte trekantar skal du ha.
7.Rull trekantane saman, start med den breie enden, rull snippen slik at den ligg under hornet.  Legg åtte horn på kvart steikebrett.
8. Hevast i 25 min.
9. Pensle med piska egg og strø over riven kvitost, valmuefør eller sesamfrø.
10. Steik på 200 grader, varmluft i ca 12 min.

God sundag!


onsdag 12. januar 2011

Ullkjoler

To ullkjoler i str 40-42.

*Vivid II*
Denne er sydd av koksgrå ullfilt, to ullblomster er filtet på, skråbånd nederst.

Kr 1149,-


*Serenity*
Denne er sydd av grå og lilla ullfilt, dekoren er sydd på av ullfilt og ullgarn.

Kr 1149,-

Alvekjole

Alvekjole i lilla velour. Soppene er applikert på.
Str 68.



Kr 300,-

tirsdag 11. januar 2011

Alvekjole med mummiapplikasjon.

Bestillingskjole til ei lita jente.



Kjolen er sydd av isoli (collegestoff) i str 68.
Kr 300,-