torsdag 30. september 2010

Tilværelsens uutholdelige letthet

Det var vel kanskje å overdrive, for jammen er det travelt som aleinemamma til tre barn. Eg føler at livet går i ein himla fart, dagane heng saman og eg er konstant stressa. Med ein lærarjobb i 80%, barn i barnehage og skule og eit evig jag etter å finne litt tid til seg sjølv og hobbyane sine.

Men, spesielt vanskeleg, eller uoverkommeleg, synest eg ikkje at det er. Jauda, nokre gonger er eg så stressa at kjeven låser seg, eg går rundt meg sjølv, gløymer viktige ting osb. Men, det går da som regel bra, sjølv om helsesystera kanskje må ringe og minne meg på timen eg gløymde.

Dagane går som regel i eitt. Mellom 5.30-07 står eg og yngstejenta opp, et frukost og gjer oss klare. 7.30 reiser vi på barnehage og jobb. Så er eg på jobb til 15.00-15.30. Da er det å hente ungane, evt handle, lage middag, leksehjelp, litt husarbeid, kveldsmat og leggtid for vesla. Da får eg litt tid til å planleggje undervisning eller rette litt. Så er også eg og dei eldste ungane klare for senga.Nå skal eg snart starte med litt undervisning på kveldstid. To kveldar i veka frå 19.30-22.00, tenkjer eg blir litt trøtt da ja.

Nokre gonger er det frykteleg vanskeleg å vere aleine om alt. Kanskje spesielt sidan yngste jenta mi er mykje sjuk. Eg vegrar meg for å kalle ho kronisk sjuk, men med astmadiagnose så er det vel det ho er. Det har vore mykje inn og ut av sjukehus dette året, men eg kryssar fingrane for at ho snart skal få vere frisk lenger om gongen. Sidan nyttår har ho ikkja hatt ein heilt frisk månad. Kvar månad har ho vore heime nokre dagar frå barnehagen. I september fekk vi endeleg time på Lillehammer, der fekk ho altså ei astmadiagnose. No er det medisinering morgon og kveld, med to forskjellige astmamedisin. Det har så langt ikkje hatt nokon effekt, ho har vor konstant sjuk sidan 12. august.



Det er noko noko i ordtaket at ein er sterkare enn ein trur. Eg hadde ikkje trudd at eg skulle klare dette aleine, men når ein plutseleg står der så innser ein at ein ikkje har noko val. Stort sett har vi det greit i den store, vesle familien min. Men, sjølvsagt må det gå seg utover noko at ein berre er ein vaksen, ikkje to. Der er det vel husarbeidet som får lide.. Huset flyt for det meste over av rot, klesvasken hopar seg opp, plutseleg så har eg ikkje reine sokkar, iallfall ikkje like. Hadde eg berre vore meir strukturert..Da hadde eg kanskje vaska golva litt oftare eller vaska fleire maskiner med kle kvar dag. Problemet er vel at eg rett og slett ikkje prioriterar det. Iallfall kjem det ikkje høgt nok opp på lista. Dei gongane eg har litt meir enn eit par augneblink for meg sjølv, er det symaskina som får kjørt seg:)

Neida,  lett er ikkje tilværet, men det er slett ikkje uuthaldeleg heller:)

mandag 27. september 2010

Alvekjole

Alvekjole med lang hette i brun velour. Rosa skråband og pynteblomar. Str. 3-4 år. Kr 350,-


 
 

søndag 26. september 2010

fredag 24. september 2010

Give Away-premiane

Førstepremien i Give Awayen min gjekk til Einy:




Andrepremien gjekk til Glastrikk. Ho ville ha noko til sonen sin, så da vart det ein fleecegenser med John Deere-applikasjon der også.

mandag 20. september 2010

Haust- og vårluer

Nå er det endeleg klart for luesesongen. Da har eg sydd nokre luer i jersey, typiske haust- og vårluer. Dei sit veldig godt på hovudet. Str 3-7 år.

Kr 100,-

søndag 19. september 2010

Pynteputer

Fire nye trekk til pynteputer med stoff frå bla Moda og Riley Blake.
169,- for 40x40
179,- for 50x50

torsdag 16. september 2010

Mummijakke # 4

Her er det siste tilskotet til mummijakkefamilien:) Denne gongen vart det ei lilla jakke, str 2 år som skal til Oslo, i fyrste omgang, seinare skal ho kanskje enda lenger.

Ingen av mummijakkene eg har sydd er like:) Alle har forskjellige applikasjonar på ryggen.

onsdag 15. september 2010

Vinnaren er trekt!

Nå har eg akkurat trekt vinnarane av min GiveAway! Som eg sa skulle det bli to vinnarar, der den eg trekte fyrst skulle få velge premie fyrst.



Den fyrste eg trekte var Einy!

Den andre eg trekte var Glastrikk!

Gratulerer!

Tusen takk til alle som var med denne gongen!

tirsdag 14. september 2010

Mummijakke

Da er eg ferdig med enda ei mummijakke på    bestilling. Ei raud ei i str 104 denne gongen.


søndag 12. september 2010

Ferdig!

*Solgt* Da var ullkjolen ferdig og ligg ute på Epla.no for salg. Prisen vart 999,-

lørdag 11. september 2010

Mummidress

Da var endeleg Mummidressen til Hanna ferdig. Han er sydd i lilla isoli og svart ribb.


Desse kan eg sy i både blå og lilla, sjølvsagt utan blomar på den blå varianten. Eg har også andre applikasjonar; Snorkfrøken, Snusmumriken, Lille My og Mummimamma og Mummipappa.
Str 1 eller 2 år. 499,-

onsdag 8. september 2010

Ullkjole

Da har eg klipt og sydd ein ullkjole i koksgrå ull. Men..Eg har eit lite problem, eg klarar ikkje å bestemme meg for pynt på kjolen. Eg er veldig takknemmeleg for tips som kan hjelpe meg å kome i havn med kjolen og få lagt han ut på Epla. Eg trur ikkje eg vil ha ermer på kjolen heller. Trur det blir veldig varmt og tett.