lørdag 3. juli 2010

Ferie 2010

Oppdatering..

Da er ferien i år i boks! Vi reiser til England, nærare bestemt York og London. Eg og Mariell budde i York for lenge sidan, i sommar er det fem år sidan vi kom heim igjen. Etter det har vi ikkje hatt moglegheit til å reise attende. Så dette blir kjekt. Vi får møte gamle vennar og sjå att mange av dei tinga vi hugsar best. Her er ei liste av det vi har lyst til å oppleve igjen:

1. Mariell skal besøkje skulen ho gjekk på der; Lord Deramore's Primary School. Ja, dette fekk vi gjort. Første dagen vi var der hadde dei fri, men andre dagen fekk ho sett dei. Ho var der i 1.5 time og hadde gym i lag med dei. Veldig kjekt.
2. Vi skal til Goathland (Aidensfield)  Nei, dette fekk vi ikkje tid til.
3. Ete ein veldig god dessert med vaniljesaus ein fekk kjøpt på M&S  Jepp, herregud så nydeleg!!
4. Ete kyllingmiddag på Plonkers (fantastisk nydeleg gratinert kylling med kvitvinssaus, ost og grønsaker) Vi var på Plonkers, men dei hadde endra menyen. Kyllingmiddagen var borte:(
5. Besøke lokalpuben vår; The Magnet, og sjå om vi ser att gamle kjente, og sjekke at Bud'n er like god. Jepp, der var vi. Samme tidlause ( tacky/raud plysj) interiøret og tilsette.
6. Sjå på huset og nabolaget vi budde i; Osbaldwick. Ja, ingenting var endra der, bortsett frå at hekken var høgare.
7. Ein dagstur til Leeds for å shoppe på Primark og Matalan Nei, dette fekk vi ikkje tid til.
8. Monks Cross og Clifton Moor (Fantastisk samling med kjøpesenter) Ja, vi var på begge desse stadane. Var også innom Creepy Crawlies på Clifton.
9. Eg berre MÅ innom The 80's bar for å sjå om det fortsatt er så bra som eg hugsar (Noko som er tvilsomt, i og med at ein ikkje gjekk der med mindre ein hadde ølbrillene på..Roterande dansegolv og heile pakka) Kremt, eg var utanfor, men gjekk ikkje inn. Frista vel ikkje så mykje utan ølbrillene på..
10. The Minster må sjølvsagt besøkjast. Kika på han ja:)
11.Eg vil også innom studiesenteret for å sjå om eg ser att nokre av forelesarane mine; Tim, Lalita og Rody. Var innom studiesenteret, men dei hadde flytta til eit nytt lokale. Eg hadde dessverre ikkje tid til å reise dit.
12. Egg and bacon ciabatta på Browns (fast takst i løpet av skuledagen) Dei hadde ikkje igjen..
13. Rusle rundt i York og nyte engelsk kultur og folkeskikk på sitt beste. Har gått rundt så mykje i York at eg er låk i beina.
14. Betty's Tea Rooms. Nei, var så mykje turistar der at vi hoppa over det.
15. Borders (bokhandel delux) Trur ikkje du dei hadde lagt ned filialen?!?! Næraste var Mancs.. Himmel.


Hmm, vi får sjå om vi får gjort alt dette, det er jo ikkje sikkert at alt eksisterar etter så mange år heller, men eg kryssar fingrane.

I London har eg eigentleg berre eitt mål; The Tower. Eg fekk ikkje vore innom der sist eg var i London, men har alltid hatt veldig lyst. Er litt fasinert av Anne Boleyn, kanskje eg treff på ho? Eg kunne også tenkt meg å sett eit teaterstykke, men eg får sjå om det er mogleg å ha med seg Hanna på eitt.

Mariell har veldig lyst til å sjå Madam Tussaud, eg er ikkje like gira.. Betale mange hundre for å sjå nokre dukker? Jaja, vi får sjå kva vi rekk. Vi har også planer om å innom London Zoo, det trur eg Hanna vil like.


Uansett så trur eg dette blir ein kjekk tur. Ei utfordring å ha med barn på tur, men skal ein kome seg rundt og få sett verda, så må dei pent vere med;)

God sommar alle sammen! Vil du ha postkort- så legg att ein kommentar, så skal eg sjå kva eg kan gjere.

2 kommentarer:

  1. Så kjekt å få reise tilbake til plassen der dokke budde før :)
    Eg syns det er så kos å vere i Bergen på besøk, nesten litt sånn mitt andre hjem.

    Håpe dokke får ein flotte tur! :)

    SvarSlett
  2. Det høres ut som en perfekt ferie!
    Kjekt å oppsøke tidligaare bosted oog mimre :)
    Håpe dåkke får en super tur!
    Det er nok litt utfordrande å reise med unga ja, men det blir nok kjekt :)

    God tur og kos dåkke masse!

    SvarSlett