lørdag 28. august 2010

Ny bustad

Da skal vi endeleg flytte. Vi skal riktignok ikkje flytte så langt, berre nokre hundre meter bortover vegen her, men godt skal det jammen bli. Har aldri funne meg heilt til rette i den leilegheita vi har no, ho er veldig upraktisk for ein litt større familie. Og ein litt større familie er vi jo, med ein vaksen og tre barn.

Eg er veldig lei av å flytte. Har flytta utallige gongar sidan eg starta på vidaregåande for 17(!) år sidan. Eg har heilt mista tellinga, men eg lyg nok ikkje om eg seier rundt 20 gongar. Eg kunne verkeleg tenkt meg å kjøpe eit hus, men husprisane er stive, spesielt med ei inntekt. Men, vi får sjå, kanskje dukkar det opp noko egna i næraste framtid.

Ellers har eg starta på jobb at, ein saknar jo å ha fri, men det er godt å vere i gang igjen. Eg har ikkje den heilt store rettebyrda dette året, noko som frigjer mykje kvelds- og helgetid. I tillegg så har eg fri kva tysdag, noko eg fann ut var heil naudsynt. Kor tid elles skal eg få gjort alt husarbeidet? Nå er det jo ikkje sikkert eg får gjort så mykje på desse fridagane mine, eg har i alt seks pappesker med stoff som ropar til meg...

Prosjekta denne hausten er ullkjolar til vaksne, fleire putetrekk, fleecekle til ungar:) I I tillegg har eg veldig lyst til å sy meg ei jakke av ullstoff, det trengst her oppe- i fjor var vi oppe i -39..

Nei, det står fleire tome pappesker og skal fyllast her, vi snakkast.

1 kommentar: