onsdag 2. juni 2010

Sommar

Her har det vore veldig stilt dei siste månadane. Eg har rett og slett hatt for mykje å gjere, noko som har ført til null tid framom symaskinene. Nå er det siste innspurt på jobb, siste arbeidsdag er 17.juni, etter denne datoen satsar eg på å få nokre timar for meg sjølv. Da skal eg prøve meg på litt søm igjen.

Ellers har det vore ein tøff vår på mange måtar, Hanna har vore mykje sjuk og det har vore mykje å gjere på arbeid. Men nå er det snart ferie!! Som lærar er eg sjølvsagt priviligert med meiningslaust lange ( og ufortjente) feriar.

God sommar!

1 kommentar:

  1. eg ser jo det at eg må skifte bakgrunn på bloggen min. Vinteren er endeleg borte!

    SvarSlett